Førebu deg på ekstremværet Urd

Førebu deg på ekstremvær!
Måndag 26.12 er det varsla at ekstremværet Urd treff Vestlandet med sterk vind. I slikt vær vil det alltid vera auka fare for straumbrot. Suldal Elverk er i beredskap og har mannskap klar til å rykke ut og rette eventuelle feil i straumnettet. Ber inn ved og ha lommelykt og stearinlys klart. Det kan og vera lurt å lade opp mobiltelefonar og anna elektronisk utstyr. Følg med på Facebook og heimesida vår for oppdatert info dersom det oppstår eit straumbrot.